Status bysyklar

velferdsfrokost

Foto: Velferdstinget, Bergen

At frukost gir ein god start på dagen er velkjent. Legg til ein paneldebatt om sykkelbyen Bergen og dagen kan nesten ikkje verte betre.  I det minste for byen sine sykkelentusiastar, noko som definitivt er observert i studentmiljøet i Bergen.

Onsdagsmorgon inviterte Velferdstinget, som er samanslutninga mellom studentdemokratia i byen, til sykkeldiskusjon og paneldebatt på Studentsenteret. Eit av spørsmåla som vart trukke fram var: Kvar vert det av bysyklane?

«Den er praktisk, den er miljøvenlig og i fremtiden vil den findes i snart sagt enhver europæisk storby med respekt for sig selv», skriv danske Berlingske Tidende om nettopp bysykkelen, ein ordning som gir einkvar muligheit til å låne sykkel på eit visst punkt i byen og sette den frå seg på eit anna. Oslo har den, Trondheim har den og Stavanger har nett fått el-bylsykkel. Så kva er status i byen vår? Her er ein svært enkel oppsummering av debatten: I følgje Erlend Horn, paneldebatant frå Venstre, gjekk bystyret inn for lavterskeltilbodet i fjor og seier det no er opp til fylkeskommunen å lage ein avtale med kommunen for å få ordninga i gang. Skal bysyklar verte eit attraktivt og velbrukt tilbod i Bergen påpeika sykkelsjef Einar Grieg at infrastrukturen i sentrumskjernen må betrast. Igjen er det byen sine folkevalde som legg føringane. Horn la til at politikarane må vere tøffe og vise vilje når det kjem til prioriteringane mellom sykkel og bil og hinta lett om valet til hausten. Marita Moltun frå KrF sa seg stortsett einig og debatten kom nok aldri heilt i gang. Tilstades var også Eli Orre frå Bergen Sykkel VM 2017. Ho håpa sjølvsagt at bergensarane vil verte sykkelfrelste, med eller utan bysyklar fram mot verdens tredje største idrettsarrangement som finn stad i Bergen om knappe to år.

Om knappe to månadar derimot, vert Norges første Cyclehack arrangert – i Bergen. Kanskje kjem bysyklane igjen opp på agendaen? Kanskje er det akkurat du som har ein god løysing for å få ordninga til å rulle som smurt?

Ein ting er sikkert. Det vert servert frukost!

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar